På Norgeseventyr med «Eventyrvogna»

Norgeseventyr 

På femte året har eg og to venninner vore «På loffen langs norskekysten», ei ferieveke som har gitt oss mange kjekke opplevelser og minner for livet. At kvar livsfase har sin sjarm er heilt sant, no er ungane voksne og «husbonden» klarer seg sjølv, me kan gjere ting som ikkje var så lett å få tid til i småbarntida. Denne veka på jentetur er eit eventyr fylt med latter og magi. Det er rom for mimring over vårt vennskap som vart stifta då me alle var i etableringsfasen i samme boligfelt på Risasjøen i Nordhordland.

Explorer
Vardetangen

 

I år var planen å reise til Helgelandskysten, men då korona satte det meste på vent, fann me ut at me ikkje ville reise så langt dersom me måtte fort heimatt. Å reise sjøvegen har vore ein raud tråd i «På loffen» -turane, i år kombinerte me reisa med Norled sine hurtigbåtar og tok med oss sykkel og den fantastiske «eventyrvogna».

Explorer
Med sykkel og vogn på båt

Det vart ei eventyrleg reise, med utgangspunkt og avreise fra «Vardetangen» – Norges vestligaste fastlandspunkt!

«Eventyrvogna» var godt lasta og det norske flagget vaia fint i det flotte været me fekk på startetappen. Ti herlege og innholdsfylte dagar på farten vart ein storsuksess! Om du vil kan du lese om turen på fb-sida vår «På loffen langs norskekysten»

Allsidig bruk av «eventyrvogna»

Fordelen med Nordic cab sin vogn er at den er så allsidig og lett å gjøre om til ulike formål. Eventyr med barnebarn i vogna på humpte stier med det store framhjulet gjer at me kjem oss fra «overalt». Utallige timer med «trillebåra» i vår når eg opparbeida kjøkkenhagen og bygging av drivhus, det vart frakta steinheller til golv, jord, planter og tang fra fjøra. I sommar vart det mange fine sykkelturer med både mann, barn, barnebarn og venninner. Til og med lille Ivan på bare to mnd. har fått turer i babysetet som kan monteres i vogna.

Explorer
På tur med barnebarn

Det er så enkelt å hive oppi alt og meire til, så har me det me treng til flotte turer både nært og fjernt. Eg har ikkje tall på kor mange turer «eventyrvogna» har frakta både sprudlevatn og gourmetmat ned til sommarkos i fjøra ved nøstet. Eg kan ikkje få fullrost både vogna og service fra Nordic cab nok. Den er topp! Da eg fekk ein ulyd i hjulet, gjekk det berre eit par dagar før eg kunne hente små gummi o-ringar i postkassen, dei var lett å montere og lyden forsvann. Eg er ikkje så super teknisk interessert, så ting må vere enkelt og kjapt for å funksjonell bruk og det er Nordic cab si «evntyrvogn»!

Gleder meg til mange nye eventyr og til vinteren så skal den gjøres om til pulk. Fire barnebarn skal få kose seg då, to og to om gangen. Eller kanskje eg må investere i ei til? 🙂

 

Legg inn en kommentar

%d bloggere liker dette: